Takk for all god lokalhistorie du formidla. Du var eit oppkome, alltid minst ei ny historie kvar gong vi trefftest.
Bjarne var ein bauta i Høyangermiljøet. Kunnskapsrik, flink forteljar og oppteken av det meste. Var det noko ein lurte på som gjaldt Høyanger si historie, var det berre å spørje Bjarne- for ein kunnskap han sat inne med!!!!!! Tvilar på at nokon kan ta opp arven etter han. Kvil i fred, Bjarne, du vil bli sakna!
En kunnskapsrik og nevenyttig bestefar og oldefar. Takk for alle fine stunder, vi vil savne deg
Vi minnes deg med glede, onkel Bjarne.
Vi kommer til å savne deg bestefar/oldefar. Hvil i fred️
Takk, Bjarne - for mange trivelege stunder - på gata, på hjørnet, på biblioteket, i garasjen, heime hjå deg og på telefonen.
Takk for ditt gode humør, din store lokale kunnskap med eit historisk bakteppe - frå begge sider av fjorden, ditt engasjement, di evne til å fortelje om både skjemt og alvor.
Takk for dine kjappe replikkar og gode latter. Gapskratten det kunne utløyse hjå oss begge og andre rundt oss.
Eg vil sakne desse stundene, Bjarne. Takk kompis. ?
Du hadde kunnskap om så mykje. Takk for alt du delte med oss