Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
? Starten på Olga og mitt kjennskap var på Haukeland Sykehus Sykepleieskole i august 1959. Der var vi saman i 3 år. Eg lærde Olga å kjenne som ein omsorgsperson, med pågangsmot og uredd - som stod for sine meiningar. Ikkje minst var ho ein humørspredar. Der Olga var, var låtten ikkje langt unna. Seinare i livet veit eg at familien var hennas store glede. Eg kjenner på stor takksemd og glede for å ha kjent Olga, og har veldig mange gode minner! Takk for den du var Olga! ?
Kjære Olga , barndomsvenninnaa mi.
Takk for alle ei kjekke minna eg har frå den tida.
Du var god i det meste, og blid og trivelig. Me leika mykje i lag. Enten i kjellaren Undehåja eller klatra i trea sør om huset. Me hjelpte kvarandre til å lære å symje og dykke. Me lærde å spele gitar i lag hos Wilhelm Bjørknes, og me song i kor hos Pål Tveit, og gjekk i sjømannsforeningen der mor di var formann.. Og så blei me ganske gode til høyonn og potetopptaking. Men bondekåner blei me ikkje.
Eg treffe av og til ein kulling av deg frå sjukepleien, og ho fortel om ei glad jente som song og spela på samankomstar.
Me vart ganske gamle, og du vart sjuk dei siste åra.
Men eg har mange gode minner om barndommen i lag på Byrknes.