Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Arvid var min styreleiar i SFE i perioden 2003 til 2012, og eg kan slutte meg til alt det gode som er skrive om Arvid som dyktig strateg og viktig samfunnsbyggjar med blikk for dei mange lokalsamfunna i regionen vår. Arvid var ein svært god styreleiar for meg og eg er svært takksam for å ha fått jobba tett saman med Arvid. Han var stødig og trygg, sjølv då det storma som verst i nokre av dei krevjande prosessane vi gav oss i kast med. Og han leia styremøta på ein utruleg god måte: I ei styresak tok debatten laust, og det kom tre forskjellige framlegg til vedtak. Etter ein lunsjpause, hadde truleg Arvid lagt opp slagplanen, og gjennom votering, vart det til slutt eit samrøystes vedtak. Då tenkte eg at dette finn eg ikkje i noko lærebok! Ein del årsfestar har det blitt på oss også, og for meg som er ei kløne på dansegolvet, måtte eg alltid beundre korleis Arvid kunne kaste seg lett og ledig inn i ein dans. Det er med sorg eg les at Arvid er gått bort og du er djupt sakna. Mi djupaste medkjensle til familien.