Kondolerer til familien.
Takk for alle de fine minnene, Aase.
Det har vært tette band mellom familiane våre helt sida vi kom flyttande til Høyanger tidleg på 60-tallet og budde på pensjonistheimen på Dale. Etter omvegar rundt om i bygda, vart vi igjen naboar på Høgebakkane i kvart vårt nybygde hus. Takk for alle de gode minnene vi har fra ferie- og helgeturar saman. Det sterkaste minnet, har vi fra ferien på dine heimtrakter, Bud. Ei heil veke i havgapet på den da fraflytta øya Bjørnsund der også familien Varden var med. Der var det harde fotballkampar før frukost , fisking og da særlig fisken til Per-Erik huskes, og hundrevis med par sko i gangen. Vi har sett lysbilder, mimra og flira fra desse turane.
Vennskapet mellom mamma og deg, vaks seg enda sterkare, særlig etter at vi ungane var ute av redet og det vart rolegare tider for dere to. Alltid åpne dører hos kvarandre og verdens beste sjokoladekake fekk vi hos deg. Aase. Du forsøkte i det lengste å ta vare på og halde kontakten med mamma, også etter at mamma ikkje lengre kjente folket rundt seg.
2023 vart altså året da alt endte. Kvil i fred kjære Aase, vi lyser fred over ditt gode minne.
Kari-Anne, Arne Hogne, Per-Erik og Edel Johanne
Kjære fantastiske AAse! Du var ein bauta i foreningen som vi så inderleg kjem til å sakne. I alle år stod du på, inga oppgåve for lita, inga for stor. Du såg det positive i alt og alle! Du var iderik, hadde løysing på det meste og sette i gang. Alltid kjekt å vere saman med deg, Mykje latter og moro. Du strålte opp då vi kom innom til deg " Eg ser deg ikkje, men høyrer kven som kjem" , ein varmande latter 0g eit godt smil var velkomsten. Du stod på til det siste. Takk for den du var AAse.