Takk for trufast innsats gjennom eit langt liv. Du har vore ein bauta i sanitetsarbeidet, stod på og sparde deg aldri. Gjennom åra har du hatt mange ulike verv. Ei tid var du leiar, ei oppgåve du meistra godt. Din lune, fine veremåte gjorde at du fekk alle med deg. Sjølv etter du vart sjuk, var du oppteken av arbeidet vårt og ville så gjerne vore med, men kreftene strakk ikkje til. Kjære Ovidia, vi saknar deg, men takkar for mange, mange gode minner1
Kjære gode tante Ovidia, tusen takk for at du alltid hadde ei opa dør då vi trengte det. Du hadde tid til å lytte, laga alltid noko godt å eta, hadde ei ledig seng til meg då eg var i praksis som student. Takkar også for alle flotte stunder saman på hytta i Ortnevik. Kvil i fred, du vil bli djupt sakna