Informasjon

Sigvald Norevik

  • 07.11.1955 - 28.08.2023

Kjære Pappa ❤️

Måndag den 28.08.23 var di tid saman med oss her forbi. Kl. 16:02 sovna du fredfullt inn med oss, jentene dine, rundt deg. Vi var heldige og fikk tilbringe dei siste døgna saman med deg på sjukeheimen i Høyanger, der vi alle saman vart tatt godt i vare av eit fantastisk helsepersonell. Den siste tida har vi tatt eit djupdukk i dei gode minna. Dei gode minna om ein pappa som var den klokaste og vakraste. Ein pappa som kunne fikse alt. Ein pappa som bygde leikehytte på rommet vårt, bygde dei finaste barbiehusa og som, når det verkeleg butta, alltid stilte opp. Ein pappa som lærte oss å fiske, som lærte oss å skyte med luftgevær og å snekre. Ein pappa som svarte på dei store spørsmåla ved å be oss om å slå opp i leksikonet og be oss lese høgt. Vi samlar og skattar dei gode minna vi skapte saman, Pappa, og minnes deg med varme og glede. Takk for alt. Vi er glade i deg. Jentene dine ❤ Tonje, Linda og Annette

Annonser for Sigvald Norevik

Dødsannonse
Dødsannonse
Innrykksdato
Upload overlijdensbericht
02-09-2023